Utskrift fra slekt.no:


Rekorder om diverse temaer

Her finner du “rekorder” som omhandler diverse temaer.

Samme dato flere ganger:

Og så tar vi med det litt mer ‘makabre’, jeg født 20.05., mormor død 20.05., mor død 20.05.

(Sigbjørn Sandsmark, Sira, Vest-Agder)



Død to ganger:

Eit meir morosamt kuriosa frå Os i Hordaland er Ole Nilsson på Lyssand som døydde to gongar(!) ifølgje kyrkjeboka. I 1816 skriv presten av Ole Nilssen er død, 84 år gml. Heilt kurant innføring i boka, med andre ord. Men det var meir i vente: For fire og eit halvt år etter,i 1821; skriv den same presten om akkurat den same Ola’n at no er Ole Nilssen død, 88 år gml. (Det står diverre ingenting om at han evt. stod oppatt 3.dagen) Forfattaren av bygdebøkene konstanterer tørt at ‘Kva som er rett, veit me ikkje’, før han legg til at Ola ‘sutla og drakk so smått’. Så var det kan hende dét som var årsaka til Ola sine to dødsfall?: - At han låg på sprit i 4,5 år ... Alle bygder med respekt for seg sjølv har sine mysterier, og etter mi meining er dei to dødsfalla til Ola Nilsson på Lyssand fullt på høgde med jomfrufødslar.

(Terje Hatvik, Os)



Lett blanding:

Min gamle grandonkel, som har hovudansvaret for at eg vart interessert i slektsgransing og lokalhistorie, hadde ein del ‘rekordhistorier’ og andre historier som eg seinare har prøvd å dokumentere. Mannen på 112 år viste seg å vere betydeleg yngre. Kvinna som var gift på 4 forskjellege gardar har eg derimot funne, like eins mannen som hadde 5 koner etter tur. Ho som døydde i barnseng i sitt eige bryllaup har eg også funne, men leitar framleis etter gode kandidatar til denne historien: ‘Ein mann som nyleg var blitt enkjemann etter andre ekteskap såg ned i vogga til dåpsbarnet han var med og feira. Nei detta var ei pen jente, jammen skal du bli tredje gifta mi du, sa han, og det vart ho’.

(Aase R Sæther, Sandane)



... og en tilsvarende:

Hans Poulsen Alstrup som var kapellan i Leikanger i omkring 1650 var en dag i Sogndal for å døpe datteren til sognepresten der, Peder Hanning. Ved denne anledning skal han ved døpefonten ha sagt: ‘Jeg døber dig Margrethe - min anden Kone - i Navn Gud, Faders…’ For denne nokså ukonvensjonelle dåpsgjerning ble han senere ilagt en bot, men likefullt ble de gift. Hans Alstrups kone døde og ca. 1669 giftet han seg med Margrethe Pedersdatter Hanning.

(Knut Bryn, Molde)



(13.11.2004)